Hei, da har eg endelig registrert meg på dette flotte forumet!
Har ein problemstilling angåande småkraftverk, som egentlig er eit elkraft-spørmsål. Vern-/spenningsrele kopler ut generator sporadisk. Det kan kople ut fleire ganger om dagen, eller gå fleire veker mellom utkopling.
Dette releet er eit Carlo Gavazzi DPC01DM69, som er direktekopla til generatorspenninga på 690 Volt. Eg har verifisert med video at vernet faktisk får alarm og kopler ut, og at det ikkje berre er ein feil i styrekretsen. Eg treng innspel til kvifor dette skjer. Vernet koplar mest sannsynleg ut på usymetri på spenninga. Dette er faktisk stilt til om lag 10%, og eit delay på 2 sekund. Det lokale energiverket har trenda spenninga på 22 kV-sida av transformatoren, og seier dette er normalt. Har også bytta releet/vernet med eit nytt av tilsvarande type, for å avdekke eventuelle feil med releet/vernet.
Kvar kan feilen være?
- Spenningsregulatoren?
- Diodebrua?
- Skitne viklingar i generator?
- Andre innspel?
Har vurdert å bytte releet/vernet om til eit med 230 Volt målespenning, for å få "demping", men den eventuelle feilen vil jo fortsatt vere der da.
Takk for svar!
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem?
Logg inn
Du har for øyeblikket ikke mulighet til å poste innlegg.
Registrer deg og bidra til Norges største fagforum for sikkerhet.
Allerede medlem? Logg inn
Trenger du sertifisering, opplæring eller kurs i elsikkerhet? Enten du velger e-læring, et webinar eller et instruktørledet kurs fra Trainor, er kurset laget av våre fremste eksperter. Alt til det beste for din læring og sikkerhet.